Sørsamane-
             
Åarjelsaemieh
Fakta og tips til undervisning om
samane.
 

    Tilbake
    

Turnédagbok

Første veke av turneen gikk til Verdalsøra-, Leksdal- og Ørmelen barneskole. Her var det mange ivrige og godt førebudde elevar som ville bygge lavvo. Enkelte dagar datt snøen blaut og tung, og da er det ikkje like freistande å ta av seg vottar for å knyte fast reisverk til ein lavvo. Lell - vi fekk det til.
Lavvo eller teltkåte - lavvo er det ordet vi kjenner best på denne type telt, men mange kallar det ei teltkåte. Lavvo er eit nordsamisk ord, på sørsamisk heiter det låavth-gåetie.

20. februar var vi på Stiklestad skole, og da skein sola frå blå himmel. Godt og varmt og ingen problem å kaste vottane i dag. Lydhøre og flinke elevar. Ved Garnes oppvekstsenter heisa dei flagget da vi kom, men vi skjønte snart at det ikkje var for oss. Kongen hadde bursdag:)
Dei 3 fjerdeklassingane frå Volden kom ned til Vuku, og samarbeidet gikk fint.
Da vi besøkte Vinne var det regn og surt, men bygginga gikk lell med iver og lyst. Elevane ved Ness oppvekstsenter fekk ei annleis opplegg, da Ingvald måtte melde avbud. Lell fekk vi bygd to flotte låavth-gåetie.

Her kan du klikke og sjå på bilda frå skolane. Ved Lekdsal skole svikta dessverre fotografen, men her fekk vi besøk av TV Nord-Trøndelag og NRK. Dei som vil kan gå inn på NRK sin web-tv, Midt-nytt 6. februar, og sjå innslaget.

Verdalsøra   Ørmelen   Stiklestad   Garnes   Vuku/Volden   Vinne   Ness

I veke 10 besøkte vi Namsos barneskole og Høknes barneskole. Sol og kaldt, og nokre syntest nok det var for kaldt å halde på ute. Lell var dei fleste tilbakemeldingane frå elevane at dette var artig:)
Veke 12 var siste turneveke, og dei 4 siste barneskolane i Namsos fekk besøk. Dette er eigntleg ikkje noko side for vèrstatistikk, men lell må eg fortelje av vi hadde sol og ingen nedbør. Bra for arbeidsforholda til lavvo-byggjarane og gjennomføringa av turneen - vindaugsviskarane på bussen streika...
Omlag 390 elevar i Namsos og Verdal har no vore med å byggje låavth-gåetie på ekte sørsamisk vis. Eg veit enkelte har fått inspirasjon til å lage sine eigne lavvoar og mange har fått auka kunnskapen sin om sørsamisk busetting og buform.

Namsos    Høknes   Vestbyen   Sørenget   Otterøy   Bangsund