![]() |
||
|
Sørsamane-
Åarjelsaemieh Fakta og tips til undervisning om samane. |
Det er tittelen på eit av tilboda i den kulturelle skolesekken i Nord-Trøndelag våren 2006. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Nord-Trøndelag fylkesbibliotek, som er prosjektansvarleg, Saemien Sijte, Steinkjer bibliotek og Den kulturelle skolesekken. Målet er å formidle sørsamisk kultur til barn, unge og vaksne i Nord-Trøndelag, og i første omgang er det alle fjerdeklassane i Verdal og Namsos som får tilbodet. Formidlaren er Ingvald Jåma,
gammebyggar og pensjonert reindriftsame, og han fortel
historier og deler av sin rike kunnskap om gamme- og
lavvobygging. Busselini Bokini, bokbussen i Steinkjer
er arena til forteljestunda, og etterpå får elevane vere med
å setje opp to små teltkåter ute i skolegården. Teltkåtene
er små kopiar av den tradisjonelle sørsamiske byggemåten. Inne i bussen kikkar vi på eit bilde av ei gamme ved Namsvatnet. Her kan du sjå og høre meir om denne gamma til Jonhild Joma. Er det noko meir du lurar på om
sørsamisk kultur og historie, kan du klikke
her
og skrive spørsmål, så skal du få svar. |
|