![]() |
||
|
Sørsamane-
Åarjelsaemieh Fakta og tips til undervisning om samane. |
I ei gåetie/gamme er reisverket av kraftigare material enn ein treng å bruke til ei teltkåte. Deakehkh står tett i tett. Utanpå deakehkh blir det lagt eit lag eller fleire med never og til slutt eit lag med torv. Torva isolerer godt og det held seg varmt inne om vinteren og svalt inne om sommaren. I midten er aernie (eldstad) til oppvarming og matlaging. Dersom dei skulle bruke gåetie/gamma i fleire år, la dei flate steinar under deakehkh, så dei ikkje rotna. Ofte vart gåetie/gamma sett opp stadar der det vart tidleg bart om våren. Det krevst mykje arbeid å setje opp ei gåetie/gamme, men nokre gongar flytta dei ho med seg òg. Ei teltkåte var det mindre arbeid med. Etter at dei hadde sett opp alt reisverket, trekte dei stoff/ty omkring, slik at det held vêr og vind ute. For mange, mange år sidan, bruke dei reinskinn, vadmel- eller ullstoff. Seinare brukte dei bomullstoff, og det er mest vanleg å bruke i dag. I dag er det nok ingen samar som bur i gåetie eller teltkåte. Dei bur i hus, som du og eg. Men fleire kan ha ei gamme i staden for hytte, eller dei som driv med rein, kan flytte inn i fjellet på sommaren og bu i gamme eller teltkåte. Kjelde: Ingvald Jåma |
|