Sørsamane-
             
Åarjelsaemieh
Fakta og tips til undervisning om
samane.
 

    Tilbake
    

Spørsmål til etterarbeid

gåetie – gamme, hus
dervie-gåetie – torvgamme
otneres-gåetie – teltkåte med bogestenger
låavth-gåetie – teltkåte, lavvo
okse – døra
aernie – eldstad

  1. Kva er forskjellen på ei dervie-gåetie og lavthå-gåetie/teltkåte?
  2. Kva for material brukte dei til å bygge ei dervie-gåetie?
  3. Korfor la dei ein steinring under treverket?
  4. Kva brukte dei å legge på "golvet" inne i gåetie?
  5. Kvar sette dei opp dervie-gåetie?
  6. Korfor budde dei i gåetie i staden for teltkåte om vinteren?
  7. Kva for stoff brukte dei å trekke teltkåta med, før dei fekk bomullsstoff?
  8. Vi brukte bomullstråd å knyte saman reisverket med. Kva var vanleg å bruke før?
  9. Korfor brukte dei ikkje spiker?
  10. Kvar var båassjoe/kjøkkenet i ei gåetie?
  11. Kven skulle sitje nærmast kjøkkenet?
  12. Kva er aernie?
  13. Kva er othnaress?
  14. Er det lenge sidan det var vanleg å bu i gåetie?
  15. Kvar er sørsamisk område?
  16. Bur det sørsamar berre i Noreg?
  17. Er det mange samar som driv med rein no?