Litteratur om sørsamisk historie

Av Åke Jünge

Dessverre kjem stoffet i mange årbøker ut til altfor få lesarar. På vona om at dei artiklane eg har skrive om sørsamisk  lokalhistorie og historisk geografi skal få ein breidare lesarkrets, har eg fått laga særtrykk  i eit lite opplag.  

Dei første åtte hefta er :

1. Avodiepu – Eit sørsamisk skriftstykke frå 1910.

Litt samisk lokalhistorie frå Trøndelag. 20 sider, med kartriss og vedlegg Waren Sardne 1910.
(Årbok for Nord-Trøndelag Historielag 2003 ).

2. Bygdesamar i Volhaugen frå 1600- til 1900-tallet.

Samisk lokalhistorie frå området mellom Inderøy, Sparbu og Verdal. 25 sider. (Eynni Idri – Årbok for Inderøy museums- og historielag 2003 og 2004).

3. Samar og rein på Vikna for hundre år sidan.

Litt samisk lokalhistorie frå Ytre Namdal. 22 sider.
(Årbok for Nord-Trøndelag Historielag 2004 ).

4. Thorkel Jonassen (1839-1921).

Ein vidfarande same med røtter i Namdalen. 15 sider, med 1 kartriss.
(Årbok for Namdalen 2004).

5. Om Krøyts-namn og Krøyts-folk.

Om lappskolelærar Anders Mortensson Krøyts (1776-1858) og slekta hans. Litt samisk lokalhistorie knytta til sørdelen av Nord-Trøndelag. 22 sider, med 2 kartriss.
(Årbok for Sparbu Historielag 2004).

 

6. Paradigm shifts in Southern Sámi research 

på engelsk, gir mange gode argument i debatten om samane i trebindsverket Trøndelags historie, men er skrive før dette verket kom ut. Avvising av Yngvar Nielsen sin framrykkingshypotese frå 1889. 15 sider. Publisert i boka ”Discourses and Silences. Indigenous Peoples, Risks and Resistance” utgitt av Garh Cant m fl, Department of Geography, University of Canterbury, New Zealand 2005.

7. Bygdesamar i Skogn. Bygdesamane på Finnrommet (Svartåssveet, Nyheimen) i Lynalmenningen

er eksempel på kor mye lokalhistorie om bygdesamar som ligg og ventar på å bli berga før det er for seint. Kirkebøker, lokal tradisjon og fotoalbum inneheld rikt og spennande materiale frå ei nær, men glømt fortid. 25 sider, 6 foto. Utvida og bearbeidd versjon av ein artikkel i Årbok for Levanger historielag 2005.

8. Henrik Severin Thomassen Liljestrand (1868 – 1952). Sameguten frå Volhaugen som vart predikant og handarbeidslærar i Sverige.

Utvida og bearbeidd versjon av ein artikkel i Eynni Idri – Årbok for Inderøy museums- og historielag 2005.

 

Hefta kan bestillast frå meg for  kr 25 pr stk.

 

Åke Jünge
Løkkenvegen 13
7650 Verdal
Tlf 74078107

Arbeid:
Høgskolen i Nord-Trøndelag
Røstad
7600 Levanger
Tlf 74022614

Mobil 95831719

e-post: ake.junge@hint.no