Det
finst ikkje mange av slike:
DaVinci var eit geni utan like
han var ikkje normal
heller innmari gal
Men ideane hans var unike
DaVinci
ville male ei kvinne
Kvar skulle han henne finne?
Han såg ei avis
og sa med eit glis:
"Ej kan sette inn annonse i dinne!"
Og
mens DaVinci åt morgonsconsen
venta han spent på responsen
For han følte seg gla`
og ganske så bra
kvar gong han tenkte: "annonsen!"
Ein
person som las i avisa
var ei kvinne med namn Mona Lisa
Ho var vakker og ven
ja, innmari pen
Men tennene hennar var skvisa
"Kjære,
høyr på meg er du snill,
Det er noko eg ikkje får til:
Eg bannar og skjenner
når eg malar tenner
Dei vert aldri slik som eg vil!" |
Då
lo Mona Lisa og sa:
"Nei, no vart eg jammen gla`"
Mine tenner er skvisa
som tårnet i Pisa
Så dette går heilt sikkert bra!"
Mona
og Leo vart venner
uten meir snakk om tenner
Men tida var kort
ting måtte gå fort
så DaVinci fann lerret og "penner"
Då
Bildet var mala og laga
var det gått fleirfaldige daga`
Maleriet var kult
sjølv om "tenna" var skult
og ingen i verda har klaga
"Mona
Lisa" er det mange som no kjenner
men ingen av dei tenker: "tenner!"
Mange blir senile
over gåta til smilet
Med unntak av to døde venner....! |