Enhjørningen viser vei til hovedsiden  

Ørten kilo mjøl og tannstikker med mintsmak, del 1

«PAPPA!!? Kva i all verda er det du driv på med?»  Eg hadde nettopp kome heim frå skulen, og sto forskrekka i døropninga medan eg studerte faren min som kraup vettskremt rundt omkring på golvet.  
Det såg ut som om han leita etter noko.
«Annelene, er det deg?!  Takk og lov!»  Pappa reiste seg raskt opp, og plumpa ned i sofaen. «Det har skjedd noko verkelig mystisk.  Berre høyr her:  For omtrent ein og ein halv time sidan, satt eg i denne stolen.» Han peika med ei skjelvande hand på ein gammal og utslitt lenestol som sto med ryggen mot verandadøra vår,  medan han  drog  den andre handa nervøst gjennom det lysebrune håret sitt.  «Eg satt heilt stille og las i ei bok.  Plutselig kjente eg at eg hadde noko ekkelt mellom tennene, og gjekk for å hente boksen med tannstikker som            stå...eh.... sto på kjøkkenet.  Då eg kom tilbake til stolen  igjen, sette eg frå meg boksen på det lille runde bordet rett ved sidan av meg og tok deretter opp boka for å lese vidare.  Etter ei lita stund fekk eg ein ekkel følelse av at det var nokon i rommet.  Og då eg la ned boka og såg meg rundt, var boksa med tannstikkene vekk!!!! Eg er overbevist om at det var eit spøkelse.  Kven skulle det elles vere?  Kan du seie meg det, Annelene?!»
«Vel... øh.....?  Er du sikker på at du ikkje sette boksen tilbake på kjøkkenet, eller sette ho ein  eller anna dum plass....?  Eg meiner..... Du har jo vore litt distrè i det siste, har du ikkje?»  Eg kika bort på pappa med eit spørjande blikk.  «Nei, Annelene.  Eg sette ikkje boksen tilbake på kjøkkenet - og eg har leita over alt!  Men du kan jo vere med å leite ein gong til.  I tilfelle det er plassar eg har gløymt....  Kom igjen!»  Eg nølte litt og sa:  «Pappa, eg trur ikkje eg har tid.
Vi fekk nemlig eit teit stiloppgåve på skulen i dag.»  Eg fann fram det knørva arket der oppgåva var skreve på, og begynte å lese:  «Oppg.1:  Då eg gjekk forbi huset til Jesper Flippen høyrde eg eit skrik......  Skriv ei forteljing der du flettar inn denne setninga.  Lag eiga overskrift.» 
Stilen må vere ferdig til i morgon, pappa, så derfor hadde eg tenkt å bruke ettermiddagen til å skrive.»  Eg la arket frå meg, og kika på han.  «Kjære Annelene.  Syns du verkelig at ei slik dum oppgåve er viktigare enn å finne tannstikkene våre?»  Pappa såg sjokkert på meg ein liten agenblink før han haldt fram:  «Nei, veit du kva, Annelene.  Eg skriv melding til læraren din og fortel at du jammensanten har betre ting å ta deg til på fritida enn å skrive stilar!»

Tre timar og førti minutt  seinare, hadde vi gjennomsøkt heile huset, men til inga nytte.  Vi fann nemlig ikkje ei einaste tannstikke.  Og ikkje tannstikkeboksen heller, for den saks skuld.  
 Vi stod heilt utan spor, og eg innsåg at pappa si forklaring om spøkelset, faktisk kunne vere ganske realistisk.   Du syns kanskje ikkje at eit spøkelse  verkar så veldig realistisk,
men som pappa sa:  «Kven skulle det elles vere?»  Mamma var på ørkenvandring i Egypt, og søsken har eg ikkje, så eg og pappa var heilt åleine i vårt ganske gamle, store hus.
Vi sette oss rundt bordet i stova og diskuterte kva vi skulle gjere, men ingen av oss  hadde nokon særlig gode idear.  Det begynte å bli seint.  
«Dette ser verkelig mørkt ut,» sukka pappa.  «Ja, det skal vere visst», sa eg, medan eg trykte lysbrytaren på og av utan at noko skjedde.  «Kanskje er det ei sikring som har gått?» foreslo eg.  «Ja, det er det nok.  Eg skal gå og fikse det.»  Pappa reiste seg frå sofaen og gjekk opp i andre etasje der vi har sikringsskapet.  Like etter kom lyset i stua på, og eg høyrte pappa komme springande ned trappa.   Men med eitt kom det ein snublande lyd, og deretter eit rabalder utan like.  «PAPPA!! Går det bra?»  ropte eg og skunda meg ut til trappa. Der låg han omkalfatra og gliste breitt:  «Eg har ein idè, Annelene.  Skund deg å finne ein støvsugar.  Vi skal på spøkelsesjakt.»  Eg såg litt skeptisk på han, men sprang likevel ut på vaskerommet for å hente støvsugaren.  Då eg kom tilbake til trappa, hadde pappa fått si naturlige form tilbake igjen, og vi gjekk inn på kjøkkenet slik at han kunne forklare sin fantastiske idè til meg.    

Les del 2
Les bidrag:
 - historier
 - dikt
 - bokomtaler
Send ditt bidrag

Litteratur
Tegneserier
Månedens tema
Rollespill/spill
Annet stoff

Om Enhjørningen

 

Enhjørningen
Nord-Trøndelag fylkesbibliotek
7735 Steinkjer