![]() |
| Les
bidrag:
- historier - dikt - bokomtaler Send ditt bidrag Litteratur
|
Drømmedag
Eg sit i eit høgt tårn. Nokre fuglar flyg rundt tårnet mens dei nynnar på vakre songer. Eg ser utover ei flokk av lykkelege menneske. Dei smiler til kvarandre og dansar rundt i det varme sollyset. Graset og trea er grønne og frodige, blomster med verdas vakraste farger gror overalt. Dei fyller lufta med ei søt, mild duft. Dyra i skogen springer glade og sorglause omkring, ingenting truar dei, dei kan leke i fred. Alle er glade, det finnes ingen krig, ingen fiendar, ingen død, ingen uvenner… Det er drømmedagen min. Den dagen alle er lykkelege, den dagen alt er vakkert, den dagen det ikkje er noko vondt igjen. Når kvelden kjem tar eg fram stjernekikkerten min, og tittar opp på stjernene. Dei er små, vakre flammer på den store, mørke natthimmelen. Månen er der ho også. Ho sendar tynne, bleike sølvstråler over dei lykkelege menneskene som ligg og sov inne i husa sine, over dyra i skogen, over fuglane som har gått til ro i trea, over livlege bekkar som sildrar av garde og som aldri kviler eller sov, og over tårnet eg sitt i. Alt er like vakkert som i ein drøm...
Skrive av Anette Schive
|
|||
| Enhjørningen Nord-Trøndelag fylkesbibliotek 7735 Steinkjer
|
||||